Elva Hotell har fått den prestisjetunge utmerkinga 1 Key i den internasjonale The MICHELIN Guide 2025, og markerer seg som eit hotell som tilbyr eit “særleg minneverdig opphald” i verdsklasse:
– Vi er stolte og takksame for å få denne anerkjenninga frå MICHELIN Guide, seier Frode Solbakk, eigar og direktør ved Elva Hotell. Dette er eit bevis på innsatsen og engasjementet teamet vårt legg ned for å skape unike opplevingar for gjestene våre.
Elva Hotell ligg vakkert til ved elvebreidda på Voss, og kombinerer moderne komfort med naturens ro og lokal kultur med eit breitt utval av aktivitetar. Hotellet har tidlegare fått merksemd for sitt fokus på design, berekraft og samarbeid med lokale aktørar.
Hvordan hotellet plasserer seg på en tradisjonell hotellstjerneskala er vanskelig å si, da hotellet ikke er klassifisert av Norsk hotellklassifisering. Men det oppgis å være et 5 stjerners hotell på Google?
Fakta om MICHELIN Keys:
MICHELIN Keys er hotellverda sitt svar på MICHELIN-stjernene, og blir gjeve til hotell som utmerkar seg med høg kvalitet, særpreg og ei eksepsjonell gjesteoppleving. Elva Hotell er no ein del av eit eksklusivt utval av berre 13 hotell i Noreg som har blitt vurdert og belønna av MICHELIN sine inspektørar.
