12. juli hadde Mission: Impossible – Dead Reckoning premiere på kinoar verda over. Ein film der Tom Cruise sjølv gjennomfører eitt av dei største stunta i filmhistorien. I tillegg har fleire storfilmar og seriar som James Bond, Succession og Marvel-filmen Black Widow vorte spelt inn Møre og Romsdal. Dette gir pengar både i kommunen og handelstanden sine kasser i tillegg til marknadseffekten og inntekter til reiselivsnæringa.
Stor verdiskaping lokalt
Under innspelinga på Hellesylt og Rauma, vart det rapportert at den lokale handelsstanden hadde stor omsetningsvekst, og at det vart lagt igjen fleire titals millionar kroner lokalt til leverandørar av alt frå mat til transport. Vestnorsk Film har estimert at filminnspelingane siste åra har lagt igjen over 200 millionar kroner i fylket.
– Mange av innspelingane har føregått på haust og vår når det er meir ledig kapasitet hos reiselivsbedriftene. Dette gjer at til dømes hotella kan ha fleire tilsette gjennom heile året, og får inntekter også i periodar der dei normalt sett har færre gjestar. Dette gir også auka skatteinntekter til kommunane. Vi kan også slå fast at storproduksjonar som James Bond, MI7, Black Widow og Succession bidreg til auka interesse for regionen vår, seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og ønsker fleire filminnspelingar velkomne til filmfylket Møre og Romsdal.
I fotspora til kjende skodespelarar
Internasjonal presse har kasta seg over Noreg i samband med innspelingane, og omgrepet set-jetting brer om seg. Fleire og fleire ønsker å besøke innspelingsstadar i favorittfilmane sine. Dette har også turoperatørar lagt merke til.
– Det at fjordane vert brukt som kulisser seier jo litt om kor spektakulært dette naturlandskapet er. Elles hadde det ikkje blitt plukka ut i produksjonar som dette. Og vi opplever at mange får augene opp for Fjord Norge på grunn av filmer som Mission Impossible, fortel Anne van Oorschot, eigar og turskreddar i Norway Adventures.
Bedrifta, som for det meste jobbar med skreddarsydde opplevingar på Vestlandet, byrja å produsere eigne filminspirerte turar i takt med at landskapet dukka opp i dei store og anerkjende filmane og seriane. Ved å bruka den lokale kunnskapen sin, er målet å laga reiser der folk kan oppleve aktivitetar i desse filmkulissene utan at dei treng å tenkja på organisering og praktiske ting ved reisa.
– Her kan du vandre i fotspora til Tom Cruise eller dei andre store skodespelarane i filmane og seriane. Me har god lokal kunnskap, og kjenner historiene frå då skodespelarane var her under innspelingane. På den måten kan vi lage reiser som gjer at gjestene nesten får ei kjensle av å vera i filmen, fortel van Oorschot vidare.
Lita bygd fekk stor merksemd
Dei store filminnspelingane har gjort at enkelte stadar har fått uvant stor merksemd. Det har skapt både stoltheit og moglegheiter for lokalbefolkning og lokalt næringsliv.
– Mission: Impossible 7 har sett Hellesylt meir på kartet. Vi får fleire forespurnader om aktivitetar, og vi kan no tilby endå fleire opplevingar takka vere merksemda som filminnspelinga har gitt. Gjestar som har høyrt om staden og vil oppleva aktivitetar her, seier Helge Karbø hos 62 Nord Adventures, som tilbyr sykkelturar og fjellturar til Helsetkopen – fjellet der Tom Cruise sette utfor på motorsykkel.