travelbusiness.no

møter, reiser og opplevelser

Nyheter

STORSATSING I MØRE OG ROMSDAL

 I desse dagar startar reiselivsnæringa i Møre og Romsdal opp arbeidet med ei storsatsing på aktive natur- og kulturopplevingar –såkalla adventureturisme. 

Ei heilt fersk analyse utført av Menon Economics på oppdrag frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Visit Nordvest og Møre og Romsdal Fylkeskommune, viser at det ligg eit stort potensiale i å kunne tilby opplevingar gjennom heile året. Opplevingsbransjen bidrar til stor verdiskaping og er også ei av dei enkeltbransjane innan reiseliv med størst vekst. Målet for prosjektet er nettopp at deltakarane skal utvikle fleire gode heilårsopplevingar og turkonsept. Ein annan sentral del av prosjektet blir å vidareutvikle og kommunisere merkevara for adventureturisme i fylket. Prosjektsamarbeidet er initiert av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest med støtte frå bl.a. Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Høg betalingsvilje 
– «Gjestar som søker kulturelle og aktive opplevingar, har ofte høg betalingsvilje, dei vert gjerne fleire dagar på same stad, og reiser heile året. Nettopp difor ønsker vi å nå ut til denne målgruppa, og det har vi også gode føresetnader for. Innanfor ein liten radius kan vi tilby variert natur i kombinasjon med levande bygder og byar med rike kulturtilbod. At vi har fire tydeleg definerte årstider, er også attraktivt for stadig fleire»,seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

 «Saman skal vi tenke nytt og utfordre kvarandre til å verte betre, og vi skal løfte Møre og Romsdal opp til å bli Europas fremste reisemål for kultur- og naturbaserte opplevingar. Det er også viktig at vi bygger ein tydeleg profil for fylket som opplevingsdestinasjon for å få auka merksemd i dei rette målgruppene for adventureturisme. Dette kan også bidra til å differensiere oss frå konkurrentane våre», seier Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordvest. 

Kultur- og reiselivsnæringa applauderer prosjektet
– «Då eg starta Uteguiden i 2009, fokuserte vi i hovudsak på skiturisme, men siste åra har vi opplevd stor etterspurnad etter fleire typar aktivitetar, og no har vi faktisk størst auke i omsetnad på den tida av året som vi før rekna som lågsesong. Vi ser fram til å bidra med våre erfaringar inn i prosjektet», seier Oscar Almgren, grunnleggar og dagleg leiar av Uteguiden.

– «Vi på Hotel Aak ønsker å vere ein del av prosjektet for å bidra til at regionen får fleire gjester i alle sesongar. Jamt belegg kan gi fleire heilårstilsette. Med ein større fast stab, kan vi kan bruke meir tid på utvikling», seier Kristine Rønning, vertinne på Hotel Aak på Åndalsnes. 

– «Eg har stor tru på at vi har mykje å bidra med inn i ei slik satsing. Musea vil kunne bygge opp under opplevinga dei besøkande har med formidling av kultur- og naturarv», seier Eigunn Stav Sætre, direktør Nordmørsmusea.

LEAVE A RESPONSE