travelbusiness.no

møter, reiser og opplevelser

Nyheter

STORE RINGHEIM UTVIDER

Store Ringheim er et lite intimhotell på Voss. I 2015 ble hotellet klassifisert med 4 stjerner av Norsk Hotellklassifisering.

– Det er eit godt teikn at me må avslå folk, men det er veldig dumt å seia nei heile tida, seier Jorunn Ringheim.

Saman med Svein Ringheim driv ho Store Ringheim hotell og restaurant. På noverande tidspunkt har dei seks hotellrom, og no ventar dei berre på byggjeløyve frå kommunen for å få ni nye rom på plass. Går alt i orden, er romma klare frå oktober.

Det er fem år sidan dei opna restauranten på Ringheim, og for tre år sidan starta dei hotellet. Sidan starten har det vore populært å overnatta hjå Svein og Jorunn.

– Fyrste sommaren fylte det seg godt opp, og sidan har det auka og auka. I år har me rekord, fortel Svein og smiler.

– Ein vert meir sårbar når ein har så få rom, men førebels har det gått veldig bra med oss. Me ser behovet for kvalitets­rom på Voss, seier Jorunn.

– Det er klart det er skummelt å satsa. Det er eit stort ansvar og folk har store forventingar. Me må innfri, men me veit kva me driv med, legg Svein til.

Men sjølv om dei skal utvida, forsikrar dei om at dei skal halda på den intime stilen.

Me skal berre verta litt større, men me skal framleis oppretthalda kvaliteten i alle ledd, seier Jorunn.

Kilde: Avisa Hordaland.

Se flere stjernehoteller på www.klassifisering.no

LEAVE A RESPONSE